Om Bulandet

Bulandet er no Norges vestligaste heilårsbusetting. Hovednæring er fiskeri og fiskeindustri, og i tillegg arbeider endel i forbindelse med oljeindustrien.
Bulandet har barne og ungdomskule og barnehage for både Bulandet og Værlandet. Både Bulandet og Værlandet har daglegvarebutikk med sykkelutleige.
Kroa hos «Tante Gry» i Værlandshamna og begge butikkane har matservering.
I Værlandshamna ligg og Norsk Sjøfuglsenter.

Etter at Bulandet og Værlandet vart «kobla ihop» med veier og bruer fungerer begge lokalsamfunna meir eller mindre som eitt. Dette har gjort masse flott og variert turterreng tilgjengelig. Så nær havet du kan komme i Bulandet, Klettane og flotte turløyper i Melvær og Værlandet. Værlandet har og fiskevatn for dei som vil prøve den lokale ørreten. Havfiske både frå båt og land er vel sjølsagt.
Topptur på Den Norske Hesten, Alden er en flott opplevelse. Båskyss frå Værlandet er tilgjengeleg etter avtale. Trykk her for meir info.

Dykkinga i området er av den beste i Norge. Mange vrak og flott natur under vatn. Her er klår sjø det meste av året.
Kajakkpadling har vorte stort dei siste åra. Du kan padle i ope hav, og likevel ha svært kort vei inn i trygge sund.

Av meir spesielle næringsveier er steinindustrien i Landøy, Værlandet. Her kan det avtalast besøk for dei som er interesserte på http://www.landoy.no/

 

Legg igjen en kommentar